Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden vil leggje fram ein handlingsplan for legevakt, eller om statsråden har skifta meining sidan juni 2013

Datert: 09.01.2014
Besvart: 15.01.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Legevakt er ein viktig del av den kommunale helse- og omsorgstenesta og den akuttmedisinske kjeden. Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti fremja i Stortinget i juni 2013 eit forslag om ein nasjonal handlingsplan for legevakt, jf. Dokument 8:76 S (2012-2013). Ifølgje innstillinga skulle handlingsplanen byggje på rapport nr. 1-2009 frå Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.

Vil statsråden leggje fram ein handlingsplan for legevakt, eller har statsråden skifta meining sidan juni 2013?


Les hele debatten