Muntlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til finansministeren

Om det er aktuelt for regjeringa å sjå på endringar i SPU for å redusere eksponeringa mot fossil energi, og om statsråden er einig i at Noreg har eit spesielt ansvar for å bidra til mindre fossil energi internasjonalt

Datert: 15.01.2014
Besvart: 15.01.2014 av finansminister Siv Jensen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Eg kan vanskeleg tenkje meg noko meir meiningsfylt å engasjere meg i politisk i dette hundreåret vårt enn klima- og miljøspørsmål. Regjeringa har førebels hatt som ein viktig inngang til det ikkje å prioritere det i den store samanhengen. Dei er ikkje ein del av dei åtte hovudområda som dei har prioritert. Dei er systematisk fråverande frå Erna Solberg i store samanhengar.
I lys av det eg høyrde Siv Jensen sa i stad om at ho ikkje kunne seie seg einig i at det er forskjell på Framstegspartiet i opposisjon og posisjon, er det vel verdt å merke seg òg at Framstegspartiet no styrer hovuddelen av norsk klimagassutslepp gjennom Ketil Solvik-Olsen, Tord Lien, Per-Willy Amundsen og ikkje minst Siv Jensen, som no er ein av Noregs viktigaste klimapolitikarar.
Ho har mange verktøy. Eitt av dei er Statens pensjonsfond utland, populært kalla oljefondet. Det er ein brei internasjonal debatt no om det fenomenet som blir kalla karbonbobla – at skal vi løyse klimaproblemet, må minst to tredjedelar av verdas fossile ressursar bli liggjande under bakken. Samtidig er det føresett for investeringane i selskapa at dei blir henta ut. Det er sjølvsagt eit høgaktuelt tema for Noreg. Det er få tema eg som statsråd fekk spørsmål om så ofte, kanskje ved sida av regnskogsatsinga, som det norske fondet. Vi har dei etiske retningslinene, der vi kan velje å vere ein leiar og trekkje oss ut frå fossile ressursar om vi ønskjer det, men òg av økonomiske grunnar. Vi har ei dobbeleksponering som stor produsent, og samtidig med tunge interesser gjennom pensjonsfondet.
Så har eg lagt merke til at dette forslaget frå SV og andre har blitt kraftig avvist. Statssekretær Bjørnestad sa på NRK: Eg ser på dette som den verste form for dobbeltmoral – ikkje ein vanleg dobbeltmoral, men den verste form for dobbeltmoral. Mitt spørsmål til Siv Jensen er: Er det i det heile aktuelt for regjeringa å sjå på endringar i SPU for å redusere eksponeringa mot fossil energi? Og er ho einig i at Noreg har eit spesielt ansvar på grunn av vår rolle som petroleumsprodusent til å bidra til mindre fossil energi internasjonalt?


Les hele debatten