Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Om at fiskeriministeren i 2012 slo fast at dersom ein la ned Norway Seafoods produksjon i Hammerfest, vart kvotane liggjande igjen på kaikanten, og om noverande fiskeriminister kan gi same forsikring til lokalsamfunna

Datert: 15.01.2014
Besvart: 15.01.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Torsken og kvitfisknæringa er i fokus for tida. Striden står om Røkke sine fiskekvotar, som er verdt mellom 1 mrd. kr og 1,5 mrd. kr samt dei årlege meirinntektene frå fangst, produksjon og vidaresal av fisken. Røkke fekk i si tid kjøpa ei rekkje fiskebedrifter med trålarar og kvotar under føresetnad av at fisken vart levert til fabrikkane på land, og såleis sikra arbeidsplassane i nordnorske fiskevær og byar.
Våren 2012 forsøkte Norway Seafoods seg på å samla hovudtyngda av produksjonen på to anlegg – Båtsfjord i Finnmark og Stamsund i Nordland. Desse planane vart lagt bort fordi det ikkje var politisk vilje til å lempa på konsernet si leveringsplikt. Dåverande fiskeriminister slo m.a. fast at dersom ein la ned produksjonen i Hammerfest, så vart kvotane liggjande igjen på kaikanten.
Kan den noverande fiskeriministeren gi same forsikring til dei lokalsamfunna det gjeld?


Les hele debatten