Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om kva lærdom statsråden meiner vi bør trekkje når det gjeld lokalsjukehusa si rolle i ein robust beredskap ved store ulykker og katastrofar etter brannen i Lærdal natt til 19. januar

Datert: 23.01.2014
Besvart: 29.01.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Lærdal blei ramma av ein stor brannkatastrofe natt til 19. januar. Beredskapen for å sikre liv og helse blei satt på ein stor prøve. Lærdal sjukehus spelte ei sentral rolle for å behandle mange av dei som var skada i katastrofen. Tilsvarande skjedde også ved den dramatiske bilbrannen i Gudvangatunnelen.

Kva lærdom meiner statsråden vi bør trekkje når det gjeld lokalsjukehusa si rolle i ein robust beredskap ved store ulykker og katastrofar?


Les hele debatten