Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til statsministeren

Om kva statsministeren legg i det politiske nyordet «robust» i beredskapssamanheng

Datert: 29.01.2014
Besvart: 29.01.2014 av statsminister Erna Solberg

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Heile landet har den siste veka følgt storbrannane i Lærdal og Flatanger og følt med dei som er råka. Heldigvis har ikkje liv gått tapt, men skadane er store. Mange enkeltmenneske og familiar har fått store utfordringar i ein vanskeleg livssituasjon. Dei og kommunane må få den hjelpa dei treng.

Beredskap i kommunane er eit viktig tema. I Noreg har nærleik vore eit viktig prinsipp i organiseringa av beredskapen.

Senterpartiet trur på å byggje samfunnet nedanfrå òg når det gjeld beredskap. Me må ta utgangspunkt i det som fungerer, og byggje vidare på det. Slik tenkjer ikkje ei rekkje utval som har lagt fram forslag for regjeringa. Talet på 110-sentralar bør reduserast frå 19 til 12. 295 sjølvstendige brannvesen bør samlast og sentraliserast i fylkesetatar. Talet på politidistrikt bør kuttast frå 27 til 6. Talet på lensmannskontor bør kuttast med 144. Domstolane kan me slå saman, frå 66 til 30. Ei storstila sentralisering er konklusjonen til ei rekkje statlege utval som har vurdert politi-, beredskaps- og domstolsorganiseringa i Noreg.

Det vesle ordet «robust» går att som kronargument bak alle konklusjonane. Fagmiljøa må samlast i langt større einingar i dei største byane skal dei verte robuste nok til å takle utfordringane, skriv den eine utvalsleiaren etter den andre. Robuste for kven – for folk eller for direktorata?

Det er ikkje lett å få tak i kva det vesle ordet «robust» betyr, men når ulukka er ute, som i Lærdal og på Flatanger, var det utan tvil dei lokale brannfolka, i tett samarbeid med politi, sivilforsvar, helsepersonell, kommuneleiing og frivillige, som utgjorde det robuste forsvaret mot flammane.

Mitt spørsmål er: Kva legg statsministeren i det politiske nyordet «robust» i beredskapssamanheng?


Les hele debatten