Spørretimespørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Om kva statsråden vil gjere for å sikra at leveringsforpliktingane vert overheldt, og om strategien er å vente så lenge at landanlegga vert nedlagt

Datert: 30.01.2014
Besvart: 05.02.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Finnmark er i opprør grunna manglande politisk handling knytt til leveringsplikta, og mange er svært bekymra for arbeidsplassen og lokalsamfunnet sitt. Arbeiderpartiet har tidlegare utfordra statsråden på kva konkret ho vil gjere for å sikra at leveringsforpliktingane vert overheldt. Statsråden sine unnvikande svar viser til industriutvalet som Stoltenberg-regjeringa sette ned, som konkluderer seint i 2014.

Er statsrådens strategi å vente så lenge at landanlegga vert nedlagt, eller vil det komme tiltak på kort sikt?


Les hele debatten