Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om kor viktig det er at sikkerheitstenestene våre er godt koordinerte, og kvifor ikkje statsministeren har sørgt for koordinerte trusselvurderingar

Datert: 26.02.2014
Besvart: 26.02.2014 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Nordmenn som dreg til Syria viser kor viktig det er at sikkerheitstenestene våre er godt koordinerte. Desse nordmennene er i utlandet og kjem heim igjen, og dei beveger seg frå E-tenesta sitt domene til PST sitt domene. Det viser at me treng ei risikovurdering som er heilskapleg. Nettopp fordi dette heilskaplege biletet er viktig, vart det i fjor, for fyrste gong, lagt fram ei felles trusselvurdering, utarbeidd av PST og E-tenesta, med informasjon frå NSM, Nasjonal sikkerheitsmyndigheit.
I stortingsmeldinga om terrorberedskap sa den førre regjeringa at det var akkurat sånn ein skulle jobba framover: felles analyse og felles trusselvurderingar.
Komiteen på Stortinget sa seg tverrpolitisk einig i det. Ein sånn felles analyse var òg heile poenget med å etablera eit nytt kontraterrorsenter, leia av PST, men der òg tenestemenn frå E-tenesta er med. Da er analysen meir heilskapleg, gjennomarbeidd og betre koordinert.
Statsministeren har sjølv fleire gonger sagt at ho ønskjer seg betre koordinering og samordning på sikkerheits- og beredskapsfeltet. Men tidlegare denne uka la E-tenesta fram si trusselvurdering utan at PST eller NSM var med. Den førre regjeringa sørgja altså for koordinering, terrorberedskapsmeldinga stadfesta behovet for koordinering, Stortinget ville ha koordinering og da er spørsmålet mitt:
Kvifor har ikkje statsministeren sørgd for at trusselvurderingane er koordinerte?


Les hele debatten