Spørsmål
Hadia Tajik (A): Kor mange born er dei siste fem åra vorte tilbakeført til Noreg, som direkte følgje av dom i Haag-sak, og kor lang tid har det teke i snitt frå det vart starta opp Haag-sak til borna var tilbake på norsk jord? Eg vil presisere at eg her siktar til dei tilfella der det er gjennomført fullbyrding av ein rettskraftig dom i Haag-sak, ikkje der foreldra har kome til semje undervegs, eller der private sikkerheitsselskap var involvert.