Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om kvifor statsministeren på den eine sida er oppteken av familievald, men på den andre sida har valt å bortprioritera midla til omfangsundersøking av vald mot barn

Datert: 09.04.2014
Besvart: 09.04.2014 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Mitt spørsmål handlar om vald i nære relasjonar. Eg opplevde at statsministeren 8. mars løfta dette fram som eit svært viktig politikkområde, og det er eg heilt einig med statsministeren i. No er det sånn at me nærmar oss påskeferie, og det er ein del barn som gruar seg til ferietid, fordi dei veit at det betyr meir tid med foreldra, det betyr meir fyll, og det kan òg bety meir vald.

I budsjettet for 2014 la den førre regjeringa opp til at ein skulle setja av midlar til omfangsundersøking av vald mot barn. Grunnen til at det er viktig, er at det òg gjer det enklare å målretta tiltaka – ein har eit godt faktagrunnlag for dei tiltaka som skal hjelpa barn i ein svært sårbar situasjon. Den nye regjeringa valde å fjerna desse midlane, så ein då ikkje kan gjennomføra ei sånn omfangsundersøking av vald mot barn.

Eg tenkte eg berre skulle gje statsministeren moglegheit til å forklara kvifor ho på den eine sida er oppteken av familievald, men på den andre sida, når ho har moglegheita til å ta tak i det, har valt å bortprioritera midlar til nettopp dei mest sårbare barna.


Les hele debatten