Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til klima- og miljøministeren

Om kva for dialog det er mellom klimaministeren og dei andre ministrane i regjeringa i arbeidet med å møte klimaforliket

Datert: 07.05.2014
Besvart: 07.05.2014 av klima- og miljøminister Tine Sundtoft

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Klimapanelet kom nyleg med ein ny rapport som konkluderer med at tilstanden for klimaet er meir alvorleg enn vi trudde. Vi har dårlegare tid. Vi må jobbe hardare og setje i verk tiltak som snarast for å unngå alvorlege konsekvensar. Klimaministeren treng ikkje gå langt for å finne tiltak som verkar. Klimaministeren har allereie tiltaka liggjande i skuffar. Miljødirektoratet foreslår ein serie tiltak som vil redusere utsleppa med opptil 8 mill. tonn innan 2020, sånn som klimaforliket krev.
Forrige gang klimaministeren var i Stortinget, sa ho at klimaforliket står fast og skal bli forsterka, og at det i statsbudsjettet for 2015 vil kome tiltak som gjer nettopp det. Men samtidig som klimaministeren seier ho skal kome tilbake til Stortinget, kjem andre ministrar løpande med forslag til tiltak som vil auke utsleppa. Regjeringa har kutta i midlane til Transnova, det er kutt i arbeidet med fangst og lagring av CO2, ein har forkasta forslag om auka CO2-avgift for tyngre køyretøy, det blir bygging av breiare vegar inn til dei store byane, kutt i bioenergisatsinga i landbruket og slappe klimakrav i oljeindustrien.
Det verkar som om det for denne regjeringa er enklare å kome med tiltak som aukar utsleppa, enn å kome med tiltak som skal redusere utsleppa. Mitt spørsmål til ministeren er rett og slett: Kva for dialog er det mellom klimaministeren og dei andre ministrane i arbeidet med å møte klimaforliket?


Les hele debatten