Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om statsråden meiner at såkalla sovevaldtekter kan jamstillast med alle andre typar valdtekt

Datert: 07.05.2014
Besvart: 07.05.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren.
Dei siste vekene har det vore mykje diskusjon om såkalla sovevaldtekter. Spørsmåla då har vore om det er å rekna som like alvorleg som alle andre typar valdtekt, om skadepotensialet er like stort, om det kan jamstillast med f.eks. overfallsvaldtekt. Det er ei viktig sak fordi den historiske konteksten jo òg er at det er særleg i denne typen saker at kvinner har opplevd at integriteten deira blir trekt i tvil. Det er mange aktørar som har delteke i den diskusjonen, men det er éin som har glimra med sitt fråvær, og det er justisministeren sjølv. Når han har blitt spurd om dette, har hans politiske rådgjevar svart at dette er noko justisministeren ikkje kan gå inn i nå. Derfor tenkte eg at eg berre skulle gje justisministeren moglegheita til å svara på om han meiner at såkalla sovevaldtekter kan jamstillast med alle andre typar valdtekt.


Les hele debatten