Muntlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til samferdselsministeren

Om kva for plan samferdselsministeren har for å redusere utsleppet av klimagassar på sitt felt med det som er nødvendig

Datert: 14.05.2014
Besvart: 14.05.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Den nye hovudrapporten til FNs klimapanel dokumenterer alvoret i klimaproblemet i endå større utstrekning enn det vi har kjent til før. Eg trur kanskje eg må summere det opp i tre punkt: for det første at vi er endå sikrare på at oppvarminga i hovudsak er menneskeskapt, for det andre at konsekvensane er endå meir alvorlege enn vi har kjent til frå før – for menneske, for miljø, men òg for framtidig verdiskaping – og for det tredje at løysingane er der og er moglege, men at det hastar endå meir fordi utsleppsutviklinga globalt dei siste åra har gått i feil retning.

Samtidig har Miljødirektoratet lagt fram sin analyse for Noreg. Han viser at mange tiltak verkar, f.eks. på personbilar – at utsleppa går litt ned i Noreg, men at vi har ein svært lang bit igjen. Det er, som representanten Raja sa, eit gap på antakeleg 8 millionar tonn, viss vi legg til grunn utviklinga, i forhold til der vi skal vere i 2020.

Vi har eit klimaforlik som står fast, men vi veit at det ikkje er nok. Så har regjeringa varsla ei forsterking av klimaforliket i si regjeringsplattform, men vi veit at det heller ikkje er nok til å nå det. Både klimaforliket og den forsterkinga ligg langt unna det som er nødvendig for å nå vårt felles mål i 2020. Derfor lurer eg på – sidan transporten aukar og står for ein fjerdedel av dei samla utsleppa – kva for plan samferdselsministeren har for å redusere utsleppet av klimagassar på sitt felt med det som er nødvendig. Eg presiserer: Vi har mange tiltak som står i klimaforliket – bymiljøavtalar, elbil og andre har vi vore innom – og det er vel og bra. Vi har òg nokon andre som er varsla i tillegg.

Mitt spørsmål gjeld: Kva vil samferdselsministeren – kva for plan har han for det som vi må gjere utover det på transportfeltet?


Les hele debatten