Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til kunnskapsministeren

Om det også er kunnskapsministerens syn at _skular er viktigare enn barnehagar_

Datert: 21.05.2014
Besvart: 21.05.2014 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Stadig meir forsking framhever betydninga av gode oppvekstvilkår for dei minste barna. Ein studie viste at gode barnehagetilbod til dei mest risikoutsette barna har ført til redusert drop-out i skulen og mindre kriminalitet i tenåra, meir enn for dei som har barnehagetilbod av lågare kvalitet. Ein god barndom varar heile livet – rett og slett. Gode barnehagar bidrar til det.

Etter at Røe Isaksen overtok som barnehageminister, har regjeringa valt å auke kontantstøtta, auke maksprisen og redusere talet på barnehageplassar. KS meiner dette har påført kommunane 825 mill. kr i ekstrautgifter til barnehagar og meiner dette vil kunne få konsekvensar for kvaliteten i barnehagane. Samtidig som overføringane til kommunane er reduserte, har regjeringa funne pengar til bl.a. skattekutt og avgiftsreduksjonar, f.eks. på påhengsmotor. Det er tydeleg at regjeringa ikkje prioriterer barnehagane.

Til eit spørsmål frå Jens Stoltenberg i spørjetimen i desember om regjeringa si svekking av barnehagane i budsjetta, svara statsminister Erna Solberg følgjande:

«Jeg er fornøyd med at denne regjeringen har gjort tydelige og klare prioriteringer, bl.a. med hensyn til barn.»

Videre:

«Denne regjeringen prioriterer å satse på mer kunnskap i skolen (…). Derfor har vi gjort noen tydelige prioriteringer når det gjelder kunnskapssatsing i dette budsjettet, og det betyr at det er andre områder vi ikke prioriterer så mye til.»

Er det også kunnskapsministerens syn at skular er viktigare enn barnehagar?


Les hele debatten