Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om statsministeren meiner at me har eit særleg ansvar for dei som har vore i kamp, gjort ein nødvendig innsats for dei norske styrkene og dermed utsett seg for ein fare i ettertid

Datert: 28.05.2014
Besvart: 28.05.2014 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Stridstolken Faizullah Muradi blei arrestert i går og send ut av landet. 18 år gamal blei han rekruttert av dei norske styrkane i Afghanistan som tolk. Han tenestegjorde i fleire år for fedrelandet Noreg, og deltok òg i kamphandlingar i norsk uniform skulder ved skulder med norske soldatar. I går blei han send ut av landet.

Dublin-konvensjonen som handterer denne typen spørsmål, og som òg Noreg har forplikta seg på, seier at asylsøkjarar som kjem til Europa, skal få behandla søknaden sin i det første landet ein kjem til. For Muradi var det Italia. Det vil da seie at Noreg kan sende den typen asylsøkjarar tilbake, men ein treng ikkje gjere det.

I 2011 stoppa Noreg alle returar til Hellas fordi me opplevde at det ikkje var ansvarleg. I 2012–2013 fekk 21 tolkar som hadde vore tolkar for den norske tenesta i Afghanistan, opphald etter ei særskilt vurdering av Justisdepartementet. Mitt spørsmål er: Meiner statsministeren at me har eit særleg ansvar for dei som har vore i kamp, gjort ein nødvendig innsats for dei norske styrkene og dermed utsett seg for ein fare i ettertid?


Les hele debatten