Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til finansministeren

Om finansministeren ser denne grunnleggjande urettvisa med stor ulikskap mellom sjølvstendig næringsdrivande og vanlege arbeidstakarar innanfor skattesystemet, i disfavør av sjølvstendig næringsdrivande, og om ho vil gjera noko med det

Datert: 04.06.2014
Besvart: 04.06.2014 av finansminister Siv Jensen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Spørsmålet mitt går til finansministeren.
Venstre er spesielt oppteke av rammevilkåra for dei minste verksemdene, gründerar og sjølvstendig næringsdrivande. Det som er bra for dei små, er nesten utan unntak bra for dei store. Det er ikkje nødvendigvis like konsekvent motsett.
For Venstre er det eit sjølvstendig mål at fleire startar eiga bedrift og lukkast med det. Verdiskaping og framtidig velferd kviler ganske tungt på at me lukkast i så måte. Også av omsyn til maktspreiing er det viktig med sjølvstendig næringsdrivande og fleire små verksemder.
Dette engasjementet har me tidlegare delt med Framstegspartiet. Likevel er det vanskeleg å finna spor av dette engasjementet i regjeringserklæringa.
Eitt område der det er stor ulikskap mellom sjølvstendig næringsdrivande og vanlege arbeidstakarar, er innanfor skattesystemet, i disfavør av sjølvstendig næringsdrivande. Utrekningar utførte av Skattebetalerforeningen viser at ei inntekt på 300 000 kr vert skattlagd 38 pst. høgare i eit enkelpersonføretak enn same inntekt motteken som løn. Skilnaden vert med rette av mange opplevd som grovt urettferdig og svært diskriminerande. Hovudgrunnen til forskjellen er at vanlege arbeidstakarar har eit stort minstefrådrag, mens sjølvstendig næringsdrivande ikkje har rett til det same. I tillegg har sjølvstendig næringsdrivande dårlegare skattevilkår knytt til sparing til eigen pensjon, dei har høgare trygdeavgift, dei har ikkje moglegheit for rekneskapsmessig fondsavsetjing av overskot, dei kan ikkje bruka SkatteFUNN-ordninga og får ikkje skattefritak for etter- og vidareutdanning på linje med vanlege arbeidstakarar.
I sum teiknar dette eit bilete av eit skattesystem som openbert ikkje stimulerer til at fleire vel å starta enkeltpersonføretak og eiga verksemd, stikk i strid med Venstre og vonleg Framstegspartiet sine ambisjonar. Så spørsmålet mitt er: Ser finansministeren denne grunnleggjande urettvisa, og vil ho gjera noko med det?


Les hele debatten