Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden vil be Sykehuset Telemark HF trekke tilbake utlysinga av leigekontrakt for ledige sjukehuslokale inntil føretaket har gått i reell dialog med vertskommunane

Datert: 08.10.2014
Besvart på vegne av: Helse- og omsorgsministeren
Besvart: 15.10.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Sykehuset Telemark HF har den 1. oktober 2014 utlyst leigekontrakt for ledige sjukehuslokale i Kragerø og Rjukan (på Doffin). Tinn kommune var ikkje informert på førehand, og utlysinga kom som ei overrasking. Den vedtekne Utviklingsplan 2014-2016 for Sykehuset Telemark HF la vekt på at omstillingar og vidare bruk av sjukehuslokale skulle skje i eit samarbeid med kommunane.

Vil statsråden be Sykehuset Telemark HF trekke tilbake utlysinga inntil føretaket har gått i reell dialog med vertskommunane?


Les hele debatten