Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om situasjonen for uføre foreldre som ikkje har moglegheit til å jobbe når regjeringa kutter det behovsprøvde barnetillegget for uføre

Datert: 22.10.2014
Besvart: 22.10.2014 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Statsbudsjettet er på opp mot 1 200 mrd. kr. Det gir Noreg moglegheiter me aldri før har hatt, og da er det viktig at me ser ein god heilskap med ein god sosial profil.
Kristeleg Folkeparti har vore med på ei uførereform som gjer at det skal bli enklare å vere ufør og kjempe seg tilbake til jobben. Samtidig må me vere klar over at mange uføre vil vere heilt utan moglegheit til å jobbe. Dei har fått ei rettmessig uføretrygd. Det er derfor med stor skuffelse Kristeleg Folkeparti registrerer at regjeringa kuttar det behovsprøvde barnetillegget for uføre.
Me opplever no at familiar fortel at dei må selje huset og ikkje har råd til å gi barnet ei oppvekst som andre barn i Noreg får. Dette er eit målretta tiltak som hjelper dei som treng det mest. NOVA-forskarane Jon Ivar Elstad og Kari Stefansen har lagt fram informasjon som viser ein alvorleg samanheng mellom barns oppleving av støtte og hjelp og familien sin økonomiske situasjon. Det vil seie at foreldra si moglegheit til å gi støtte og omsorg til barna sine blir veldig svekt ved svak økonomi, forståeleg nok på grunn av stor økonomisk uro i familien.
Me veit at barn av uføre har eit vanskelegare utgangspunkt enn andre. Sosial posisjon går i arv, og eit slikt kutt gjer utgangspunktet for barna enda vanskelegare.
Me har høyrt regjeringa svare at arbeid er løysinga. Men eg vil utfordre statsministeren når det gjeld situasjonen for uføre foreldre som ikkje har moglegheit til å jobbe. Er ikkje nettopp dette kuttet eit alvorleg tilbakeslag for denne gruppa?


Les hele debatten