Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva statsråden vil gjere for at ikkje vald på jobben skal verte daglegdags for tilsette i barnevernsinstitusjonar, bustader for menneske med utviklingshemming og i kommunalt barnevern
Datert: 29.10.2014 Besvart: 05.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): Mange arbeidstakarar som jobbar med menneske opplever vald og trugsmål om vald som ei stor arbeidsmiljøutfordring. Ei Fafo-undersøking frå 2009 viser at 60 pst. av dei tilsette i barnevernsinstitusjonar, bustader for menneske med utviklingshemming og i kommunalt barnevern har vore utsette for vald og/eller trugsmål det siste året. Desse tala ligg stabilt høge.Kva vil statsråden gjere for at ikkje vald på jobben skal verte daglegdags, og korleis vil han gjere arbeidsmiljøet tryggare i utsette yrker?