Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om at justisministerens ordre om ikkje å prioritere utsending av dei lengeverande asylbarna aldri nådde fram, og at når me no har fått med oss at det her har skjedd ein svært beklageleg feil, er det ikkje då riktig å stoppe utsendinga av asylbarna til me har ei varig løysing på plass

Datert: 03.12.2014
Besvart: 03.12.2014 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Bergens Tidende kunne i går avsløre at justisministeren sin tydelege ordre om ikkje å prioritere utsending av dei lengeverande asylbarna aldri nådde fram til dei som utfører arbeidet. I tildelingsbrevet frå Justisdepartementet til Politidirektoratet stod det veldig tydeleg at dei lengeverande asylbarna ikkje skulle prioriterast når det gjeld utsending. Men den same beskjeden kom aldri vidare i brevet frå Politidirektoratet til dei ytre etatane og til Politiets utlendingseining. Dette er svært alvorleg, og me fekk i går ei tydeleg orsaking frå justisministeren.

Det som er eit paradoks her, er at dette har vore ei av dei mest omtalte sakene innanfor dette feltet nettopp det siste året. Og me veit jo at desse tildelingsbreva er sjølve bruksrettleiinga for etatane i oppfølginga av det konkrete arbeidet.

Både justisministeren og politidirektøren har sagt at det er ein svært beklageleg feil, og me anar altså ikkje konsekvensane og kva dette kan ha medført.

Mitt spørsmål til statsministeren er: Når me no har fått med oss at det her har skjedd ein svært beklageleg feil, er det ikkje då riktig å stoppe utsendinga av dei lengeverande asylbarna til me har ei varig løysing på plass, som me hadde ein avtale om i Nydalen?


Les hele debatten