Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til finansministeren

Om finansministeren alt no vil varsla at det vil koma nødvendige tiltak for å omstilla næringslivet, før revidert nasjonalbudsjett, med bakgrunn i påstanden om at «norsk økonomi er følsom for utviklingen i oljeprisen»

Datert: 17.12.2014
Besvart: 17.12.2014 av finansminister Siv Jensen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Spørsmålet går til finansministeren.

«Norsk økonomi er følsom for utviklingen i oljeprisen.»

Påstanden er ikkje berre min eller Venstre sin, men er ordrett sitert frå Meld. St. 1 for 2014–2015, Nasjonalbudsjettet 2015. Statsbudsjettet 2015 er gjort opp med ein forventa oljepris på 650 kr fatet, og i går bikka nordsjøolja under 60 dollar fatet, eller tilsvarande ca. 440 kr per fat. Hadde det ikkje vore for ein styrkt dollar, hadde prisskilnaden frå budsjettforventningane til det me ser i dag, vore endå større.
Ein varig lågare oljepris enn det som er føresetnadane til statsbudsjettet, vil nødvendigvis få følgjer, kanskje ikkje med ein gong, men opplagd på sikt. I går la DNB Markets fram sine økonomiske utsikter, der banken spår at veksten i BNP for neste år vert halvert frå 2,5 pst. til 1,2 pst., nettopp basert på utsiktene for ein varig lågare oljepris og reduserte oljeinvesteringar. Det føyer seg inn i tilsvarande prognosar frå NHO og SSB.

«En oljepris som stabiliserer seg på et klart lavere nivå, vil stille store krav til omstillingsevnen til norske bedrifter og arbeidstakere.»

Dette er igjen eit sitat frå same stortingsmelding. Spørsmålet til finansministeren vert difor om ho meiner at budsjettet for 2015 inneheld nok tiltak for å bidra til denne nødvendige omstillinga, eller om finansministeren alt no vil varsla at det vil koma nødvendige tiltak for å omstilla næringslivet, før revidert nasjonalbudsjett. Venstre vil i så fall, som alltid, vera konstruktive med fleire eigne forslag.


Les hele debatten