Muntlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til kulturministeren

Om korleis ein har merka meir fridom med regjeringa si fridomsreform, som kviler på ein feilslått føresetnad om at auka økonomisk støtte til kulturlivet står i vegen for fridom

Datert: 17.12.2014
Besvart: 17.12.2014 av kulturminister Thorhild Widvey

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Mitt spørsmål går til kulturministeren.
La meg òg nytte høvet til å ønskje ho god jul på veg bort til talarstolen. Sidan statsråden har ansvaret for kyrkje og kultur, har ho vel eit spesielt ansvar for jula, kan ein kanskje seie – saman med landbruksministeren, moglegvis.
Kulturløftet var den førre regjeringa si store kulturpolitiske satsing. Fridomsreforma er lansert som denne regjeringa si store satsing. Mitt inntrykk, då ho vart lansert, var nok meir at det var ein fridomsbløff enn ei fridomsreform. Det var av to grunnar: For det første fordi ho kviler på ein feilslått føresetnad, nemleg at auka økonomisk støtte til kulturlivet står i vegen for fridom. Det er tvert imot: Så lenge ein har det grunnleggande kunstnariske sjølvstendet, eller det grunnleggande journalistiske sjølvstendet, for den sakens skuld, som vi har i Noreg, er økonomiske ressursar ein føresetnad for fridom. Det kan bidra til auka kvalitet, og viljen til å satse og vere nyskapande aukar med ein økonomisk basis.
For det andre fordi reforma ikkje inneber – så vidt eg kan sjå – ei verkeleg reform for dei som er brukarar av kultur, og alle dei som jobbar i kunst- og kulturfeltet, som kan merkast ute. Det må jo vere det viktigaste, sånn at reforma faktisk bidreg til kvalitet og mangfald og til utvikling av kunst, kultur og media der ute.
No har det gått 14 månader, og ingen kan forvente at det er ferdig, men ein kan kanskje forvente å sjå retninga og kva som har skjedd, så lat meg då spørje: Viss ein er ein brukar av kulturtilbod eller media i Noreg, viss ein er ein filmskapar, dramatikar eller skodespelar, viss ein er ein journalist, viss ein er ein musikar som er litt utøvar og i tillegg jobbar nokre timar i kulturskule – korleis har ein merka meir fridom med regjeringa si fridomsreform på dei 14 månadane som er gått


Les hele debatten