Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til kunnskapsministeren

Om at regjeringa har foreslått at barnehageeigarar, altså kommunar eller private aktørar, skal ha rett til å _påleggje barnehagelærerar å bruke bestemte system_, verktøy og metodar, og korleis statsråden trur at dette kan føre til ein betre barnehage

Datert: 28.01.2015
Besvart: 28.01.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Eg var ein dag i ein barnehage der eg følgde den pedagogiske leiaren i barnehagen. Eg omtrent sette meg på skuldra til den pedagogiske leiaren og følgde med rundt omkring i barnehagen, berre for å få eit innblikk i korleis barnehagepedagogikken er: Kva er det dei ser? Kva type læringsarena er det? Kva betyr den leiken for det og det, osv.? Korleis fangar dei opp problem? Det var utruleg nyttig. Eg fekk djup respekt for barnehagepedagogikken som eit verktøy for å fange opp utfordringar i barns liv, hjelpe til og få til ulike samanhengar som kan bidra til barns utvikling.

Noko av det viktigaste vi gjer for å hjelpe barns utvikling på deira premissar gjennom leik, gjennom læring, gjennom omsorg, er å gje gode rammer for barnehagepedagogikken, og dermed gode rammer for barnehagelærarar. Vi må ha nok barnehagelærarar. Vi treng å gje dei godt handlingsrom, sånn at dei kan vere gode barnehagelærarar, sånn at dei får tid til å utøve sin profesjon og si spesialevne til å sjå barn og deira moglegheiter og utfordringar i livet.

Oppi alt dette har regjeringa føreslått at barnehageeigarar, altså kommunar eller private aktørar, skal ha rett til å påleggje barnehagelærarar å bruke bestemte system, verktøy og metodar. Kunnskapen til dei som har størst barnehagefagleg kompetanse, barnehagelærarane, dei som ser barna kvar dag og kjenner dei best, dei som skal utforme det pedagogiske opplegget, skal altså setjast til side, og så skal kommunepolitikarane bestemme korleis dei skal gjere dette. Mitt spørsmål til statsråden er derfor: Korleis trur statsråden dette vil føre til betre opplegg rundt barna, og korleis kan dette føre til ein betre barnehage?


Les hele debatten