Spørretimespørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om å endre ei setning i eit tildelingsbrev og seinare ikkje følgje opp om endringa er praktisert, er god leiing, når ei klar politikkendring hjå underliggjande etat er formålet

Datert: 09.02.2015
Besvart: 18.02.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): I ein interpellasjon 16. oktober 2014, sa justisministaren at 'Arbeidet med holdninger, kultur og ledelse er et arbeid som må pågå hele tiden', det må 'være en del av vårt daglige fokus [...]'.

Meiner han at å endre ei setning i eit tildelingsbrev og seinare ikkje følgje opp om endringa er praktisert, er god leiing, når ei 'klar politikkendring' hjå underliggjande etat er formålet?


Les hele debatten