Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om _differensierte marknadsavgiftssatsar til Sjømatrådet_, og kva kunnskap statsråden har om merkevarebygging av norsk sjømat ved sida av det arbeidet som Sjømatrådet driv for fellesskapet, og som tilseier reduserte inntekter i denne storleiken
Datert: 26.02.2015 Besvart: 04.03.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker
Ingrid Heggø (A): Eg har merka meg at fiskeriministeren har sendt på høyring eit framlegg om differensierte marknadsavgiftssatsar til Sjømatrådet. Dette vil gje om lag 200 mill. kroner i reduserte inntekter til Sjømatrådet.Kva kunnskap har statsråden om at det foregår merkevarebygging av norsk sjømat utanfor Noreg ved sida av det arbeidet som Sjømatrådet driv for fellesskapet, og som tilseier ein reduksjon i denne storleiken?