Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til kulturministeren

Om regjeringa har gjennomtenkt konsekvensane av _søndagsopne butikkar_ og for søndagen som ein annleis dag for fellesskapet

Datert: 18.02.2015
Besvart: 18.02.2015 av kulturminister Thorhild Widvey

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Mitt spørsmål er til kulturministeren.
Regjeringa har sagt at ho vil innføre søndagsopne butikkar. Derfor har Kristeleg Folkeparti spurt om konsekvensane av regjeringas politikk på dette området.
Me har stilt eit spørsmål til miljøministeren om kva konsekvensane er for klima og miljø, og svaret er at «det er vanskelig å anslå de samlede konsekvensene av den foreslåtte dereguleringen».
Så har me spurt arbeidsministeren om kva konsekvensane er for arbeidstakarane, og svaret me har fått, er at det er vanskeleg presist å anslå konsekvensar av forslaget.
Så har me spurt kulturministeren om kva konsekvensane er for søndagen som ein annleis dag for fellesskapet. Svaret er òg her at det er det «vanskelig å si noe sikkert om nå».
Altså er konklusjonen: Regjeringa seier at det er vanskeleg å seie noko om konsekvensane av det forslaget som ein no ønskjer å sende på høyring.
Så seier òg kulturministeren i sitt svar:

«Både de næringsdrivende og forbrukerne vil få større valgfrihet, men denne friheten behøver ikke å endre den enkeltes prioriteringer og tidsbruk.»

Det vil altså seie at den enkeltes tidsbruk og prioriteringar ikkje treng å bli endra. Vil det òg gjelde for dei 370 000 som jobbar i varehandelen? Vil det òg gjelde familiane til dei 370 000 som jobbar i varehandelen, at ein ikkje treng å gjere nokon endringar?
Per Arne Dahl har sagt:

«Regjeringen har lovet å innføre søndagsåpne butikker (…). Kun tilbud og etterspørsel skal regulere handelen. Nå er det tid for å gjennomtenke konsekvensene av et slikt vedtak for enkeltpersoner, fellesskap; ja, for vår kultur.»

Mitt spørsmål er: Har regjeringa gjort det?


Les hele debatten