Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om kva som er statsråden sine behandlingsambisjonar for pasientane med hepatitt C

Datert: 12.03.2015
Besvart: 18.03.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Hepatitt C er ein smittsam og kronisk leversjukdom som utgjer eit stort helseproblem i Noreg. Sjukdomen er omtalt som 'den stille epidemien'. Den rammar utsette grupper i samfunnet, i hovudsak tidlegare eller aktive rusmiddelbrukarar. Om lag 800 personar vert smitta av viruset kvart år, og 20-30 000 lever med kronisk hepatitt C i Noreg i dag. I 2012 fekk færre enn 5 prosent av dei smitta medikamentell behandling. No er nye antivirale legemidlar på markedet.
Kva er regjeringa sine behandlingsambisjonar for desse pasientane?


Les hele debatten