Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til forsvarsministeren

Om statsråden vil utdype _regjeringa si meining om forholdet vårt til Russland_, og om Noregs forhold til Russland aldri kan bli det same

Datert: 25.03.2015
Besvart: 25.03.2015 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Noreg og regjeringa har vore svært tydeleg i fordømminga si av Russlands aggressive intervensjon i Ukraina og anneksjonen av Krim. Det er eg glad for. Dette er uakseptable brot på folkeretten, det er brot på suvereniteten til andre statar. Noreg har òg vedteke sanksjonar mot Russland på linje med dei som EU har vedteke, og det er viktig å opptre i fellesskap for å øve innverknad på Russland og få myndigheitene i landet til å endre åtferda si. Samtidig har Noreg interesse av å halde oppe eit føreseieleg naboforhold i nærområda våre i nord. I eit lengre intervju på tv-kanalen CNN med forsvarsministeren blei overskrifta at Noregs forhold til Russland aldri kan bli det same. Samtidig som det er viktig at me har ein sterk reaksjon på Russlands uakseptable framferd overfor Ukraina, må me òg ha ein langsiktig strategi for å påverke Russland, for å gi incitament til endringar – både i den russiske utanrikspolitikken me her ser, og i innanrikspolititikken. Eg har ikkje fått med meg alle detaljane i intervjuet på CNN, men eg vil derfor opent utfordre forsvarsministeren på forholdet vårt til Russland.


Les hele debatten