Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Om kva som er regjeringa sine framdriftsplanar for _ny, trygg veg og bane mellom Bergen og Voss_, og kva kortsiktige tiltak blir sette i verk etter nok eit ras over både jernbanelinja og E16 i Vaksdal

Datert: 13.05.2015
Besvart: 20.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Tysdag 12. mai gjekk det nok eit ras over både jernbanelinja og E16 i Vaksdal. Sidan tusenårsskiftet har det gått 260 ras på E16 mellom Bergen og Voss. Nær 40 gongar har dette ført til at all trafikk har blitt stansa, i tillegg har delar av vegbana blitt stengd rundt 30 gongar. Hyppige ras skapar stor usikkerheit for reisande, forseinkingar og problem for godstransporten.
Kva er regjeringa sine framdriftsplanar for ny, trygg veg og bane mellom Bergen og Voss, og kva kortsiktige tiltak blir sette i verk?


Les hele debatten