Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til kunnskapsministeren

Om statsråden meiner at _prioriteringa av petroleumsforsking i budsjettet_ vil framskynde eller forseinke det grøne skiftet

Datert: 14.10.2015
Besvart: 14.10.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Mitt spørsmål går til kunnskapsministeren.

La meg først – mens han kjem på plass – gi statsråden ros for å ha lagt fram eit solid forskingsbudsjett. Samtidig har faktisk den delen av statsbudsjettet som går til forsking, gått ned fordi regjeringa bruker mange oljemilliardar og føreslår store skattekutt.

Vi står framfor ei omstilling av det norske samfunnet, av arbeidslivet og næringslivet, der utdanning, forsking og innovasjon blir avgjerande faktorar for endring. Skal vi lykkast med det grøne skiftet, må ein større del av dei samla ressursane i samfunnet gå til kunnskap. Men kunnskapsinvesteringane må brukast rett, om vi skal få til omstilling. Vi må sørgje for at dei pengane vi investerer, akselererer det grøne skiftet og ikkje bremsar det.

I vår behandla vi langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Der blei seks område framheva som viktige forskingssatsingar. Hav, miljø og mogleggjerande teknologiar var blant dei seks. Petroleum var ikkje nemnt. Likevel er petroforsking den store budsjettvinnaren og den største enkeltsatsinga i regjeringas forskingsbudsjett. Programmet Demo 2000 skal ifølgje statsbudsjettet oppnå auka utvinning av olje og gass og avhjelpe norsk olje- og gassnæring i ein vanskeleg fase. Programmet blir tilført 100 friske millionar i årets statsbudsjett. Til samanlikning får fornybarprogrammet ENERGIX og FME ei mykje meir beskjeden auking. Ved opptakta til eit historisk viktig klimatoppmøte i Paris føreslår altså regjeringa å bruke to og ein halv gonger så mykje på fossilforsking som på fornybarforsking i OEDs budsjett.

Meiner forskingsstatsråden at denne prioriteringa vil framskynde eller forsinke det grøne skiftet?


Les hele debatten