Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om det er rettferdig at _studentar med funksjonsnedsetting_ ikkje får støtte til å gjennomføre eit semester i utlandet, slik funksjonsfriske studentar får tilbod om, med bakgrunn i at Bergen kommune har gitt ein student avslag på BPA på utvekslingsopphald
Datert: 15.10.2015 Besvart: 21.10.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie
Kjersti Toppe (Sp): Stortinget har lovfesta retten til brukerstyrt personlig assistanse (BPA) for å betre kvardagen for menneske med stort behov for assistanse. Regjeringa skreiv i lovproposisjonen at visjonen er eit samfunn der alle kan delta og der dei aller fleste har utdanning og arbeid som målsetting. Bergen kommune har gitt ein student avslag på BPA på utvekslingsopphald.Meiner statsråden det er rettferdig at studentar med funksjonsnedsetting ikkje får støtte til å gjennomføre eit semester i utlandet, slik funksjonsfriske studentar får tilbod om?