Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om statsministeren er villig til å diskutere korleis me kan få med _frivilligheita til å gjere ein ekstraordinær innsats i flyktningsituasjonen_ som er no

Datert: 04.11.2015
Besvart: 04.11.2015 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Statsministeren har allereie sagt at dette er ein ekstraordinær situasjon for landet vårt. Det er ei krevjande oppgåve. Eg vil òg seie at den gode jobben som statsministeren gjer, blir lagd merke til.

Det statsministeren òg seier her i dag, er at det hastar. Me ser at UDI jobbar både natt og dag – og helgar. Signalet vil vere – trur eg – at Stortinget er innstilt på å gjere det same. Kristeleg Folkeparti er til og med villig til å bruke søndagen, fordi dette er krevjande.

Me ser at staten gjer veldig mykje. Me har sett at kommunane gjer veldig mykje. Og regjeringa har no lagt fram veldig mange tiltak i mottakssystemet – i den ekstraordinære situasjonen me no ser. Men det er eitt område der eg meiner me har ein veldig ressurs som me kan bruke enda meir enn det regjeringa har gjort i tilleggsnummeret sitt. Det gjeld frivilligheita. Eg ser intensjonane hos regjeringa, at me skal bruke dei, men det er ikkje konkrete tiltak for korleis me kan følgje opp dette. Frivilligheita i Noreg seier at dei er klare til å gjere ein ekstraordinær innsats i den situasjonen som er no, men det trengst sjølvsagt ei koordinering, det trengst moglegheit for å kome med konkrete tiltak.

Statsministeren utfordra i utgreiinga si familiar til å vere fosterfamiliar. Kanskje me kunne utfordre nokre av desse organisasjonane til å ha ein aksjon for nettopp å sikre fosterfamiliar i den situasjonen me er i no? Spørsmålet mitt til statsministeren er: Er ho i denne situasjonen villig til å diskutere korleis me no kan få med frivilligheita, reelt sett?


Les hele debatten