Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om kvifor statsråden sender LAR-pasientar til soning i Nederland og ikkje respekterer stortingsfleirtalet

Datert: 05.11.2015
Besvart: 11.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I Innst. 305 S (2014-2015) skreiv Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti ein fleirtalsmerknad om avgrensingar i avtalen med Nederland om leige av fengselsplassar, at innsette som treng helsehjelp utanfor fengselet og rusavhengige på LAR-program ikkje skal overførast. I svar på skriftleg spørsmål har justis- og beredskapsministeren innrømma at rusavhengige på LAR-program likevel er overført.
Kvifor respekterer ikkje statsråden stortingsfleirtalet og sender LAR-pasientar til soning i Nederland?


Les hele debatten