Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om korleis Noreg kan bidra til å fremje samarbeidet som trengst mellom dei mange partane som har det til felles at dei vil kjempe mot IS, skape eit vegkart for fred i Syria og redusere terrorfaren

Datert: 02.12.2015
Besvart: 02.12.2015 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Det er ikkje så mange veker sidan statsministeren var i Stortinget sist, men mykje har skjedd på det sikkerheitspolitiske området.
Den grufulle krigen som herjar i Syria og i delar av Irak, får mange til å spørje om dette vil gi auka usikkerheit òg utover i Midtausten. Paristerroren viste at volden kan smitte til Europa. Tyrkia si nedskyting av eit russisk jagerfly skapte ei uønskt tilspissing av konflikten; og sidan Tyrkia er eit NATO-land, kunne nedskytinga skade forholdet mellom NATO og Russland alvorleg.
Derfor er eg glad for at NATOs generalsekretær no insisterer på at det me treng, er ei nedtrapping av spenningsnivået, aktivt diplomati og politiske samtalar om vegen framover. Den same bodskapen hadde FNs spesialutsending til Syria da han måndag besøkte Noreg. Det er klart for alle at auka bombing og våpenbruk ikkje gir noka løysing fordi det manglar eit felles politisk vegkart. Dei involverte hovudaktørane i kampen mot terroristgruppa IS må dra i lag, ikkje bruke kreftene på å slåst innbyrdes. Ei våpenkvild dei imellom og ein politisk prosess om Syrias framtid trengst no. Folk må vite kva som kjem i staden for IS sitt terrorvelde. Berre da kan det bli skapt grunnlag for eit samarbeid som kan feie IS av banen.
Korleis meiner statsministeren at Noreg kan bidra til å fremje den politiske prosessen og det samarbeidet som trengst for at me skal få eit snarleg håp om stans i militære kampar mellom dei mange partane som har det til felles at dei vil kjempe mot IS, skape eit vegkart for fred i Syria og redusere terrorfaren?


Les hele debatten