Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om å garantere at regjeringas instruks til UDI sikrar at alle asylsøkjarar som kjem over Storskog, får realitetsbehandla sin søknad og vurdert sitt behov for vern, og at me dermed ikkje bryt med Noregs internasjonale forpliktingar og Flyktningkonvensjonen

Datert: 13.01.2016
Besvart: 13.01.2016 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg vil òg nytte anledninga til å ønskje vår statsminister godt nytt år. For eigen del var det ein god start på det nye året å følgje statsministerens tale til folket på TV. Men eg skrudde òg på TV 2 i går kveld, og der kunne me høyre om regjeringa sin instruks til UDI om utsending av alle asylsøkjarar som har kome til Noreg frå Russland, 5 500 menneske i alt. For å følgje opp regjeringas politikk blir det samla inn syklar frå politilager rundt om i Noreg, da ein planlegg å sende asylsøkjarar tilbake over grensa på to hjul i vinterkulda. Nokon vil kalle dette iskaldt på meir enn ein måte.

Da Kristeleg Folkeparti blei med på endringane i utlendingslova med regjeringspartia, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre, var det for å avgrense innkomst av menneske utan rett til vern. Vår klare føresetnad for å vere med på endringane var at det ikkje skulle stride mot våre internasjonale forpliktingar. Det presiserte me i behandlinga i Stortinget. Me påpeikte at ein ikkje kan sende ut personar som har rett på vern i Noreg. I gårsdagens TV 2-sak blei det meldt at fleire juristar har kritisert regjeringas asylinstruks for å vere i strid med folkeretten, og at instruksen har skapt uro internt i UDI. Det uroar Kristeleg Folkeparti.

Mitt spørsmål til statsministeren er: Kan statsministeren garantere at regjeringas instruks til UDI sikrar at alle asylsøkjarar som kjem over Storskog, får realitetsbehandla sin søknad og vurdert sitt behov for vern, og at vi dermed ikkje bryt med Noregs internasjonale forpliktingar og Flyktningkonvensjonen?


Les hele debatten