Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til næringsministeren

Om kva næringsministeren gjer for å støtta eksisterande selskap for å bevara og skapa arbeidsplassar der det er mest effektivt for landet

Datert: 20.01.2016
Besvart: 20.01.2016 av næringsminister Monica Mæland

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til næringsministeren.

Me nærmar oss ein skremmande historisk rekord: Talet på arbeidsledige er på nesten 130 000. Berre i Rogaland har arbeidsløysa auka med 82 pst. det siste året. Det er kritisk for dei som har mista jobben, og for familiane som fryktar oppseiingar, men det er òg kritisk for norske bedrifter og norsk næringsliv, som under sterkt press mistar verdifull kompetanse.

Noreg kan betre enn dette. Når eg møter leiarar og tilsette i norske industriselskap, er det særleg to sentrale spørsmål som går igjen. Det første er at dei ønskjer å bevara kompetansen og sleppa å seia opp folk som dei veit at dei har bruk for. Og det andre er moglegheitene som ligg i eksisterande bedrifter. Gründerar og entreprenørar er viktig, men det som verkeleg monnar, er at bedriftene som finst, klarer å møta utfordringane. Det seier dei ikkje berre i møte med meg, det seier dei òg med høg utestemme. Sist ute var Walter Qvam, sjef i Kongsberg Gruppen, som seier til Klassekampen at

«det er veldig lite fokus på alle de hundrevis av mellomstore bedrifter (…) Det er disse selskapene som skal bli den nye stammen i norsk industri.»

Han har rett. Derfor prioriterer Arbeidarpartiet både nye stemmer og gründerar, men ikkje minst å støtta dei etablerte til å kunna tola tida som me no er i.

Eg meiner – igjen – at Noreg kan betre enn i dag. Me i Arbeidarpartiet la fram ein næringspakke i fjor haust om arbeid til alle – om å behalda kompetansen i eksisterande bedrifter og å byggja bru til nye næringar. Det fekk me ikkje støtte for. Arbeidsløysa aukar framleis.

Så spørsmålet mitt er: Kva gjer næringsministeren for å møta det som både Qvam og andre næringslivsleiarar er opptekne av, nemleg det å støtta eksisterande selskap for å bevara og skapa arbeidsplassar der det er mest effektivt for landet?


Les hele debatten