Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om kva som er årsaka til at helsefagarbeidarårsverk har forsvunne frå sjukehusa

Datert: 04.02.2016
Besvart: 17.02.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Tilgang på kvalifisert helsepersonell er ein nøkkelfaktor i helsetenesta. Antall legeårsverk i spesialisthelsetenesta i tidsrommet 2009-2014 har auka med 25 prosent, sjukepleieårsverk har i same tidsrommet auka med 12 prosent medan det var nedgang på 24 prosent i årsverk for helsefagarbeidarar. 2 000 helsefagarbeidarårsverk har altså forsvunne frå sjukehusa i løpet av 5 år.
Kva er årsaka til dette, og kva tiltak har regjeringa for å snu denne utviklinga?


Les hele debatten