Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til statsministeren

Om korleis statsministeren vil forklara lokalsamfunn og dei som jobbar i fiskeindustrien i nord, at arbeidsplassen deira forsvinn, og at inngåtte _avtalar med fiskeriavhengige kystsamfunn ikkje lenger skal gjelda_

Datert: 16.03.2016
Besvart: 16.03.2016 av statsminister Erna Solberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Arbeidarpartiet er garantisten for at dei norske fiskeressursane òg i framtida skal høyra til folk i fellesskap. Som med vasskrafta, olja og gassen vil vi hegna om det nasjonale eigarskapet til fiskeressursane. Fisken skal skapa aktivitet og arbeidsplassar i kystsamfunn, og vi vil stå opp for dei tre pliktene: leveringsplikt, bearbeidingsplikt og aktivitetsplikt.

Havressurslova, deltakarlova og fiskesalslagslova er grunnmuren i norsk fiskeripolitikk, og Arbeidarpartiet vil motarbeida alle forsøk på å hòla ut desse lovene. Regjeringa har gjort ei rekkje forsøk på å fjerna seg frå at fiskeressursane høyrer til fellesskapet, f.eks. endringar i deltakarlova, leveringspliktene, meir ombordproduksjon og gjeninnføring av evigvarande kvoter.

I nord vart det gjort unntak frå aktivitetskravet i deltakarlova, industrien fekk fiskekvoter i byte mot at fisken skulle leverast til bestemde anlegg på land. Det vart inngått samfunnskontrakt med fiskeriavhengige kystsamfunn. Desse avtalane vil regjeringa no bryta.

I sjømatindustrimeldinga fjernar regjeringa i realiteten alle dei tre leveringspliktene og opnar for at fisken ikkje lenger skal leverast i det avtalte lokalsamfunn, men til ein region, altså fylket, trass i at meldinga viser at det er lite kjøp av leveringspliktig fisk også i regionane.

Korleis vil statsministaren forklara lokalsamfunn og dei som jobbar i fiskeindustrien i nord, at arbeidsplassen deira forsvinn, og at inngåtte avtalar ikkje lenger skal gjelda?


Les hele debatten