Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om avvikling av tilbod ved kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus, og om statsråden meiner at dette er forsvarleg barselomsorg og eit innsparingstiltak som nybakte mødrer må akseptera

Datert: 26.05.2016
Besvart: 01.06.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er under hardt press. Pressa økonomi har ifølgje tillitsvalde ført til ein så lav bemanning at den kan vere ein fare for pasienttryggleiken. Fylkeslegen opna i vinter tilsynssak etter bekymringsmelding frå dei tilsette. Bergens Tidende kunne 24. mai 2016 melde at tilbodet om 'Jordmor i heimen' blir avvikla i sommar, utan at det vert lagt opp til fleire barselrom.

Meiner statsråden at dette er forsvarleg barselomsorg og eit innsparingstiltak som nybakte mødrer må akseptera?


Les hele debatten