Spørretimespørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Om at me ikkje må sette oss i ein situasjon der me ikkje lenger har herredøme over våre fiskeressursar, og om statsråden har planer om å følgje opp evigvarande fiskekvoter

Datert: 26.05.2016
Besvart: 01.06.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Våre største og viktigaste naturressursar finn me i kyst- og havområda. Dette er ressursar me må sikra at fellesskapet kan ha kontroll med også i framtida. Dei som kom føre oss sikra eigarskap til vannkrafta, og det same vart gjort med petroleumsressursane. Me må ikkje sette oss i ein situasjon der me ikkje lenger har herredøme over våre fiskeressursar. I regjeringsplattforma vert det tatt til orde for evigvarande fiskekvoter.

Er dette noko statsråden har planer om å følgje opp?


Les hele debatten