Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Om korleis utanriksministeren vurderer utsegnene til den nye presidenten i USA om frihandelsavtalar

Datert: 09.11.2016
Besvart: 09.11.2016 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt hovudspørsmål går til utanriksministeren.

Det var få som trudde at Trump ville gå sigrande ut av presidentvalet, og det er mykje usikkerheit om kva politikk som vil verte ført i tida framover frå presidenten i USA.

I eit brev til mange ambassadar føre valet peikar rådgivar Ivar Engan ved den norske ambassaden i Washington på at terrenget i høve handelsavtalen vert atskilleg meir uoversiktleg med Trump som president. Den nye presidenten i USA har i valkampen hevda at USA er komen svært dårleg ut av alle frihandelsavtalar som landet har inngått dei siste ti åra. Globaliseringa har vore til ugunst for amerikanske industriarbeidarar og berre til fordel for dei rikaste. Hovudårsaka til det, ifølgje Trump, er dumskapen, som han seier det, til det politiske etablissementet og ikkje minst deira dårlege evner til å ta vare på amerikanske interesser, skreiv Engan i eit orienteringsbrev til ei lang rekkje ambassadar i vår. Brevet tok føre seg amerikanske reaksjonar på den tolvte runden i TTIP-forhandlingane. Han konkluderte i brevet med at medisinen til Trump går heilt på tvers av det republikanarane har stått for i mange tiår, nemleg ein liberalistisk økonomisk politikk med vekt på frihandel og fri konkurranse.

Da er mitt spørsmål til utanriksministeren: Korleis vurderer utanriksministeren utsegnene til den nye presidenten og vurderingane av dei frå utanriksministeren sin eigen rådgivar? Og korleis ser han at ein i framtida kan utforme ein politikk som òg kjem industriarbeidarar og det ein kan kalle vanlege folk, til gode, gjennom dei internasjonale avtalane ein skal utarbeide?


Les hele debatten