Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til helse- og omsorgsministeren

Om kva svar ministeren har til alle dei som igjen er utsette for stor helsefare og har dårlegare livskvalitet på grunn av høg luftforureining, med bakgrunn i mangel på verktøy for å setja inn effektive tiltak for å redusera problemet

Datert: 30.11.2016
Besvart: 30.11.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Spørsmålet mitt går til helseministeren.

«Her kommer vinteren, her kommer den kalde fine tida». Lina er henta ifrå rockelåta «Her kommer vinteren» av eminente Jokke & Valentinerne. Dessverre er det mange som opplever den kalde, fine tida som ei mare, direkte helsefarleg og alt anna enn fin.

Luftforureiningsproblema, særleg i dei større byane, er like årvisse som årstidene. Denne veka gjekk varselet for høg forureining ei rekkje stader. Over ein million menneske er her og no utsette for luft som går på helsa laus. For astmatikarar og personar med andre luftvegssjukdomar og folk med alvorlege hjartesjukdomar betyr varselet om høg luftforureining at dei bør redusera utandørsaktivitetar og ikkje opphalda seg i dei mest forureina områda.

Eit av problema kommunane som er hardast råka, møter, er mangel på verktøy for å setja inn effektive tiltak for å redusera problemet. Eit svært treffsikkert tiltak er sokalla lågutsleppssoner. Stortinget fatta sitt fyrste vedtak om dette i mars 2015 – for snart to år sidan. Framleis har dessverre ikkje regjeringa omsett dette i praktisk handling. Handling, eller i dette tilfellet mangel på handling, seier i regelen meir enn fine ord og festtalar.

Spørsmålet mitt til ministeren er derfor: Kva svar har ministeren til alle dei som igjen er utsette for stor helsefare og har dårlegare livskvalitet på grunn av høg luftforureining?


Les hele debatten