Muntlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til kulturministeren

Om kva strategi regjeringa følgjer for å handtere den store samfunnsutfordringa vi står midt oppi, der allmennkringkastarar, kvalitetsavisar, lokalaviser og mediehus som kan kvalitetssikre informasjon er utfordra, kanskje trua, og lesar- og sjåarvanar vert endra

Datert: 30.11.2016
Besvart: 30.11.2016 av kulturminister Linda C. Hofstad Helleland

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Mitt spørsmål går til medieminister Linda Helleland.

Noreg har over lang tid vorte eit land med høg tillit og sterke fellesskap. Ein viktig grunn til det er at vi har hatt sterke medium som har representert eit mangfald, men òg skapt felles referansar og ei felles offentlegheit. Allmennkringkastarar som NRK, seinare TV 2 og P4, store kvalitetsaviser som VG, Aftenposten, Dagbladet og fleire, sterke lokalaviser med liknande funksjon, har skapt ein kombinasjon av folkeopplysning og meiningsbryting. Ein skal vere forsiktig med å overdrive, men dette er no utfordra, kanskje trua, meir enn nokosinne i nyare tid. Inntektsstraumar er flytta, lesar- og sjåarvanar vert endra, mediehus kuttar om ikkje minutt for minutt, så i ganske raskt tempo.

Det er ikkje krise for journalistikken eller mengda informasjon. Gode formidlarar er det mange av, nye kanalar for kommunikasjon veks fram, men det liknar ei krise for sterke institusjonar med store ressursar og tung kompetanse, styrte etter redaktørplakaten, som kan avkle lettvintheiter og kvalitetssikre informasjon. Det er ei alvorleg utfordring for dei store felles debattarenaene som gjer ei opplyst offentlegheit mogleg. Eg fryktar ei gradvis utvikling mot at vi først og fremst får informasjonen vår frå dei som allereie er einige med oss, og at våre fakta og vårt meiningstilfang vert meir og meir ulike. Det kan over tid svekkje demokratiet.

Det er definitivt ikkje regjeringa som har skylda for det, men politikkens oppgåve er jo ofte å løyse problem som er skapte av samfunnsutviklinga. Så om statsråden i grove trekk er einig med verkelegheitsskildringa mi, kva strategi følgjer regjeringa for å handtere denne store samfunnsutfordringa vi står midt oppi?


Les hele debatten