Muntlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Om arbeids- og sosialministeren er einig i at regjeringa ikkje har gjort nok for å kjempe mot sosial dumping

Datert: 18.01.2017
Besvart: 18.01.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Mitt spørsmål går til statsråd Hauglie.

Arbeidsministeren sin forgjengar i statsrådsstolen likte å snakke om at han skulle vere framoverlent i kampen mot sosial dumping. Han skulle ikkje berre sitje passivt og vedta planar. Det var nok eit lite subtilt forsøk på kritikk av Stoltenberg-regjeringa sine tre kraftfulle handlingsplanar mot sosial dumping.
Vi ser no at det vart med retorikken. Den framoverlente politikken ventar vi framleis på, også eit drygt år inne i statsråd Hauglie sin regjeringskarriere, sjølv om eg registrerer at ordet «framoverlent» framleis tydelegvis gjeld som eit allmenngyldig talepunkt når politikken elles manglar. Tvert om fekk vi i sommar levert frå riksrevisor Per-Kristian Foss to rapportar som var svært kritiske til regjeringas arbeid for å hindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. «Svak og lite avskrekkende innsats», er orda som oppsummerer Riksrevisjonen sine funn. Rapportane har vore til behandling i kontrollkomiteen, som einstemmig slutta seg til kritikken.
Det er langt mellom dei som er imponert over innsatsen til regjeringa på dette området. Sjølv leiaren for programkomiteen til Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, sa nyleg til media at regjeringa ikkje har gjort nok for å kjempe mot sosial dumping. Og spørsmålet til arbeidsministeren blir då: Er ho einig i denne sjeldan innsiktsfulle sjølvransakinga frå sin partifelle og regjeringskollega om at regjeringa ikkje har gjort nok for å kjempe mot sosial dumping?


Les hele debatten