Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til klima- og miljøministeren

Om kva klima- og miljøministerens tankar er om den politiske endringa hans kollega i Olje- og energidepartementet har framført, når det gjeld både behovet for konsekvensutgreiing, og kva tidsperspektiv me skal ha på verneplanar

Datert: 15.02.2017
Besvart: 15.02.2017 av klima- og miljøminister Vidar Helgesen

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Mitt spørsmål går til klima- og miljøministeren, som før jul fekk ein ny regjeringskollega i Olje- og energidepartementet. 11. januar kunne me lese på E24 at den nye olje- og energiministeren ønskjer konsekvensutgreiing i sårbare område utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja så snart som mogleg etter valet. Det har me høyrt før. Det som derimot var nytt, var at statsråden meinte at for Nordland 6 behøvde ein ikkje ein gong ei konsekvensutgreiing, berre nokre tilleggsvurderingar, sidan det blei utført ei konsekvensutgreiing 25 år tilbake i tid. 25 år er lang tid, og det verkar som at miljøomsyna i desse sårbare områda ikkje bekymrar olje- og energiministeren veldig mykje med ei slik uttale.

Òg når det gjeld vasskrafta, har den nye olje- og energiministeren vore i søkjelyset. Det er hans ansvarsområde, og den 31. januar kunne me altså lese på NRK.no at det blei varsla omkampar om verna vassdrag, og at det var naturleg å ta ein diskusjon om kor lenge verneplanane skal gjelde. Vefsna-vassdraget blei trekt fram som eit eksempel frå olje- og energiministeren, men han meinte òg at det var fleire verna vassdrag som burde vurderast for kraftutbygging.

Det verkar igjen som om miljøomsyn ikkje blir sett på som veldig viktige. Så mitt spørsmål til klima- og miljøministeren er kva hans tankar er om den politiske endringa eg opplever hans kollega har framført, når det gjeld både behovet for konsekvensutgreiing, og kva tidsperspektiv me skal ha på verneplanar. Nettopp det å ha eit evig perspektiv på dei, er jo sjølve grunnlaget for at me har ein verneplan.


Les hele debatten