Spørsmål
Hadia Tajik (A): Det er eit år sidan Nasim Karim, leiar i utvalet for likestilling og mangfald i PF, uttalte at kvinner vert diskriminerte i politiet og at seksuell trakassering er eit problem. Ho sa også: 'Rammene i politiet er skapt av mann for menn. Det er ikke lagt til rette for at kvinner skal få de samme mulighetene. Det er en illusjon at det er likestilling.' Skildringa viste eit behov for å intensivera arbeidet med kultur, leiing og likestilling i politiet.
Kva har regjeringa gjort for å betre situasjonen?