Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til næringsministeren

Om næringsministeren kan avkrefta at Høgre i neste periode vil ønskja seg endå meir omfattande utsalsfullmakter enn det me såg i eigarskapsmeldinga, med bakgrunn i utkast til partiprogram

Datert: 22.02.2017
Besvart: 22.02.2017 av næringsminister Monica Mæland

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til næringsministeren.

I denne stortingsperioden har me hatt ei rekkje saker til behandling i Stortinget der regjeringa ikkje har fått tilslutning for sin politikk, og ei av desse sakene var i eigarskapsmeldinga i 2015. Her bad regjeringa om ei lang rekkje med salsfullmakter bl.a. i Telenor, i Kongsberg Gruppen, i Flytoget og i Statskog. Ideologien som låg til grunn, var at her skulle ein selja. Men Stortinget sa nei til viktige delar av regjeringa sitt forslag, og det er ikkje så lenge sidan at næringsministeren i denne salen bekrefta at regjeringa tek stortingsfleirtalet sitt syn til etterretning – det skulle sjølvsagt berre mangla – men ho presiserer òg at hennar syn på dette er det same som då meldinga vart lagd fram i 2014. Det gjer at eg lurer på kva me har i vente i forbindelse med stortingsvalet til hausten. Me kan òg sjå i Høgre sitt utkast til partiprogram, der dei skriv at partiet vil «øke det private eierskapet i statlige selskap der det er riktig for selskapet og samfunnet …»

Dei skriv òg at dei ønskjer å «delprivatisere Statkraft».

Saman med næringsministeren sine eigne utsegner gjer dette det naturleg å tenkja at Høgre i neste periode vil ønskja seg endå meir omfattande utsalsfullmakter enn det me såg i eigarskapsmeldinga. Kan næringsministeren avkrefta dette?


Les hele debatten