Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om kva som er grunnen til at havstrategien handlar meir om det som ligg under havet, enn det livet som lever i det

Datert: 22.02.2017
Besvart: 22.02.2017 av næringsminister Monica Mæland

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Statsråden kan eigentleg berre kome tilbake.

Omsider kom regjeringas strategi for havrommet, som det har vore så mykje snakk om dei siste fire åra. Etter å ha lese han startar det veldig bra. Her blir det vist til havets betyding for utviklinga av det moderne Noreg, utviklinga av Trondheim og Bergen ved hjelp av det rike fisket langs kysten og betydinga dette hadde for utvikling av dei maritime næringane og vidare for offshore og petroleumsverksemd.

Men der regjeringa tydelegvis har forstått kor viktig fiskeria har vore, har dei tydelegvis ikkje forstått kor viktige dei framleis er, for i havstrategien blir havet framstilt som eit drøymande teater, kor det spesielt blir gitt plass til dei største aktørane sine draumar om havet. Her blir havet betrakta som ei endeløyse, kor alle sine draumar kan bli oppfylte, kor reelle konfliktar blir skyvde under teppet, og kor regjeringa heiar på olje og gass, mineralnæring og havbruk. Fiskarane, kystsamfunna og det levande livet i havet, som er utgangspunktet for at Noreg er best på havet, blir gitt liten plass. Det er som om kystens folk har blitt dei brysame, dei som står i vegen for framsteget. No skal havet ryddast for andre, aller mest petroleum, mineral og havbruk.

For å illustrere det heile: Ordet «petroleum» blir nemnt i strategien heile 90 gonger. Ordet «fiskeri» blir nemnt 18 gonger. Ordet «mineral» blir – til samanlikning – nemnt 29 gonger. Ordet «fiskar» blir ikkje nemnt ein einaste gong i regjeringas havstrategi. Det er på ein eller annan måte eit historisk sus over ein sånn prestasjon.

Så mitt spørsmål til ministeren er: Kva er grunnen til at havstrategien handlar meir om det som ligg under havet, enn det livet som lever i det?


Les hele debatten