Spørsmål
Hadia Tajik (A): Manglane ved gjennomføringa av politireformen, som er avdekka av Difi, Politiforum og VG, er alvorlege. Dårleg styring frå justisministeren og manglande tillit både hjå dei som jobbar i politiet og hjå folk flest gir grunn til uro. Stortinget vedtok ein reform som skulle sikre gode lokale prosessar og som skulle gje oss eit politi som er nær folk, som kjem når folk treng dei, betre polititenester og meir politikraft.
Kva vil statsråden gjere for å sørge for at politireformen vert gjennomført etter intensjonen?