Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om det har vore ei rein lovteknisk vurdering eller ei etisk vurdering av abortlova at konklusjonen til regjeringa har vore å opne opp for tvillingabort av eitt eller fleire friske foster

Datert: 22.03.2017
Besvart: 22.03.2017 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): To dagar på rad har NRK hatt kritiske nyheitssaker om fosterreduksjon eller «tvillingabort». I går blei det meldt at legar ved St. Olavs Hospital, som er dei einaste som kan gjennomføre tvillingabort i Noreg, har sendt eit brev til Helsedirektoratet, der dei ber om at lovavdelinga i Justisdepartementet ser på abortforskrifta på ny. Det er på grunn av etiske diskusjonar i fagmiljøet.

Seksjonsoverlege Torbjørn Eggebø seier til NRK:


«Juristene i Justisdepartementet har tolket ordlyden i Abortloven nøye men de har ikke tenkt medisinsk-tekniske forhold.»

I dag høyrer me at leiar for Etisk råd i Danmark argumenterer mot den norske praksisen og uttrykkjer overrasking over den liberale tolkinga i Noreg. Etter at lovavdelinga i Justisdepartementet i Noreg tolka abortlova, gjennomførte Etisk råd i Danmark ei høyring om same praksis bør innførast i Danmark. Konklusjonen i Danmark er ein annan enn i Noreg.


«Vi synes at det er forskjell på å ta livet av ett foster og avbryte hele svangerskapet.»

Det sa leiaren av Etisk råd i Danmark, Gorm Greisen, til NRK.

Eg vil presisere at dette spørsmålet ikkje gjeld sjuke foster. Eg trur det er mange som opplever dette som eit vanskeleg verdispørsmål. Konklusjonen til regjeringa har vore å opne opp for tvillingabort av eitt eller fleire friske foster.

Mitt spørsmål til statsministeren er: Har dette vore ei rein lovteknisk vurdering av abortlova, eller har det vore ei etisk vurdering av om vi skal seie ja eller nei til tvillingabort i Noreg?


Les hele debatten