Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til statsministeren

Om at nedlegging av flybasen på Andøya er ei av dei mange avgjerdene som har vekt fortviling ved regjeringa sin forsvarspolitikk, og om statsministeren kan garantere at kostnadsestimatet for Andøya og Evenes er korrekt, og dersom ikkje, om ho då vil følgje opp og syte for at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med oppdaterte tal

Datert: 22.03.2017
Besvart: 22.03.2017 av statsminister Erna Solberg

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det siste året har eg reist og besøkt forsvarsbasar over heile landet. Eg har hatt gleda av å snakke med og lære av soldatar og tilsette i Forsvaret som alle brenn for Forsvaret og i siste instans er villige til å ofre livet for landet sitt. Det som slår meg, er fortvilinga og vonbrotet hos folk i Hæren, Heimevernet og Kystforsvaret ved regjeringa sin forsvarspolitikk. Høgre si kommunikasjonsavdeling prøver å selje nedbygging av Hæren, nedriving av Heimevernet, nedlegging av Sjøheimevernet, avskaffing av kystkorvettar og nedlegging av flybasen på Andøya og helikopterbasen på Bardufoss som ei historisk satsing på Forsvaret. Så godt som alle soldatane eg snakka med, har anten rista på hovudet eller rive seg i håret.

Trass i at Høgre på siste landsmøte vedtok at dei på sikt vil auke løyvingane til Forsvaret med 2 pst. av BNP, i tråd med det statsministeren lova på NATO-møtet i Wales, veit både statsministeren og eg at langtidsplanen dei la fram i fjor, garantert ikkje vil nå det målet. Ein konsekvens av den svake langtidsplanen er at det ikkje er sett av nok pengar til investeringar i Hæren, noko regjeringa sjølv seinast for halvanna år sidan meinte var absolutt naudsynt. For fire år sidan braut Høgre forliksforhandlingane om den langtidsplanen fordi ein skulle satse langt sterkare på landmakta.

Ei av dei mange avgjerdene som har vekt fortviling, er nedlegging av flybasen på Andøya. Ein samrøystes komité slo sist haust fast at regjeringa skal kome attende til Stortinget viss det kjem fram vesentlege endringar i avgjerdsgrunnlaget for Andøya. Kan statsministeren garantere at kostnadsestimatet for Andøya og Evenes er korrekt? Om statsministeren ikkje kan garantere for kostnadsestimatet, vil ho då følgje opp og syte for at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med oppdaterte tal i revidert nasjonalbudsjett?


Les hele debatten